News on your favorite shows, specials & more!

UTAFOR at DET NORSKE TEATRET

Dates: (3/6/2019 - 4/11/2019 )

Theatre:

DET NORSKE TEATRET


Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo, Norge

Tickets: Pris frå: 150 ,

  1. View All Norway Shows
  2.  > 
  3. UTAFOR


Å vere utafor er å kikke inn på eit fellesskap du ikkje er ein del av. Det er utafor ein finn det mørkaste hatet. Det er der ein skaper det klåraste fiendebildet. Og det er her, på utsida, ein finn likesinna.

Framsyninga Utafor tar utgangspunkt i forteljingar om å vere utafor. Yousef gjekk på vidaregåande da han tok dei første stega inn i ekstremismen. Det var einsemda som gjorde at han oppsøkte dette miljøet, og der tok dei varmt imot han.

TEATER I KAMPEN MOT RADIKALISERING
Framsyninga Utafor bygger på forteljingane til fire unge menneske. Yousef er ein av dei, konvertitten frå Nøtterøy som i 2015 møtte Faten i solideritetsringen rundt den jødiske synagogen i Oslo.

Faten er sjiamuslim og opphavleg frå Irak. Ho har tydelege meiningar og har valt å bruke hovudplagg, noko som gjer at ho har fått mange drapstrusslar. Faten og Yousef danna organisasjonen Just Unity og sette seg som mål å førebygge radikaliseringa av unge. Saman med Siri, ein av dei som overlevde terroren på Utøya, og Tor, ein jødisk skodespelar frå Oslo, skal dei frå Hovudscenen på Det Norske Teatret dele sine historier.

Alle fire har dei opplevd det å vere utanfor. Terror, ekstremisme og fordommar er ein del av deira historie. Dei veit at radikalisering skjer på tvers av tru og religion. Og at radikale meiningar ikkje oppstår av ingenting.

Utafor er aktivisme, musikk og personlege erfaringar. Det er teater i kampen mot radikalisering. I framsyninga medverkar dei som seg sjølve og fortel sine eigne historier.


Cast and Creative team for UTAFOR at DET NORSKE TEATRET

Videos


MERRILY WE ROLL ALONG
Job3s (12/6 - 5/11)
VIEW SHOWS  ADD A SHOW  

Recommended For You